Vaksne skal gjere det som er best for barn!
Det er stort sett vaksne som bestemmer korleis vi skal ha det i samfunnet vårt. Du som er barn har rett til å seie ifrå korleis du vil ha det. Dei vaksne må høyre på deg!
Av statsforvaltar Else-May Botten og seniorrådgivar Gunn Risan Nakken, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
I media er det stadig debattar og samtalar som handlar om barn. Det underlege er at det stort sett berre er vaksne som pratar.
Vaksne som snakkar om barn
Dei vaksne snakkar om kva dei ønsker å gjere for barn og unge.
Vaksne snakkar om at mange barn og unge ikkje har det så bra. Dei snakkar om ulike tilbod og tenester for å hjelpe barn som har problem med psykisk helse, rus, fattigdom, ufrivillig skolefråvær og mobbing.
Så snakkar dei om klima- og naturkrisa, om nye vegar, tunellar og bruer, om effektivitet, grønare energikjelder og om berekraft. Dei vaksne nemner så vidt korleis barn blir påverka av desse spørsmåla, sjølv om det er barn og unge som skal leve med dei avgjerdene som blir tatt i dag.
Diskusjonane til dei vaksne kan vere forvirrande og uforståelege. Av og til kan du kanskje bli bekymra for om dei forstår korleis du har det, og om dei bestemmer gode ting for barn og unge?
Kanskje du synest at dei ikkje forstår barn så godt, sjølv om dei gjerne vil godt?
Arbeider for barns beste
Statsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen.
Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka.
Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn.
Kva er Barnekonvensjonen?
Barnekonvensjonen er ein avtale som nesten alle land i verda har skrive under på. Den seier korleis barn i verda skal ha det, og gir alle barn same grunnleggande rettar.
Barn skal få omsorg og vern. Dei har rett på helsehjelp. Dei skal få gå på skole, få utvikle seg. Dei skal få delta og få verke inn i samfunnet. Barnekonvensjonen bygger på fire generelle prinsipp: Barn skal ikkje diskriminerast. Barn har rett til liv og utvikling. Barn har rett til å bli høyrd. Barnets beste skal alltid vere målet.
Norge fekk verda sitt første barneombod i 1981. I 1991 fekk vi verda sin første barneminister i regjeringa. I 2003 blei barnekonvensjonen del av norsk lov. I 2014 blei til og med Grunnloven endra for å gjere barns rettar endå sterkare. På den måten har Norge sørga for at alle i landet er forplikta til å følge reglane i Barnekonvensjonen.
Likevel treng vi å bli betre på å sette barns beste først.
Kva betyr det eigentleg at barnets beste alltid skal vere utgangspunktet for vaksne når dei bestemmer noko?
Alle barn skal bli høyrd – og spurd om kva dei meiner
Før foreldre eller andre vaksne bestemmer noko som gjeld deg, har du rett til å få tilpassa informasjon om det dei snakkar om, slik at du forstår kva du kan meine noko om. Kanskje treng du særleg hjelp med noko på skolen? Kanskje skal det bli bestemt kor du skal bu mest, hos mor eller far, dersom dei er skilde? Du skal kunne seie kva du meiner om saka, og meininga di skal bli tatt på alvor. Heilt frå barn er små og kan seie kva dei ønsker og meiner, gjeld denne retten. Etter kvart som du blir eldre, skal foreldre og andre vaksne høyre meir og meir på deg.
Også i saker som kommunen eller regjeringa arbeider med – saker som gjeld barn og unge som gruppe – har dei vaksne plikt til å vurdere kva som er best for barn og ta omsyn til det. Dei må spørje kva barn og unge meiner om saka når dei for eksempel bestemmer ting som gjeld barnehage, skole eller helsetilbod til barn. Det kan vere kor mange skolar kommunen skal ha, og kor skolane skal ligge, korleis leikeplassen skal sjå ut, korleis ein ny veg like ved bustadfeltet skal bli bygd og så vidare. I alle nye planar som blir laga i samfunnet vårt, skal barnets beste vere målet.
Om barn ikkje får seie kva dei meiner, går dei vaksne glipp av viktig kunnskap.
Kven skal du seie meininga di til?
Nokre gongar er det enkelt å vite kor du skal gå for å seie kva du meiner; Til foreldre, til lærar, rektor, helsesjukepleier, trenaren eller ein annan vaksen du stoler på.
Andre gongar kan det vere at du må seie meininga di til ei gruppe som kan snakke for deg, for eksempel elevrådet på skolen eller ungdomsrådet i kommunen.
Om dei vaksne ikkje høyrer på det du seier, kan du få hjelp av andre vaksne til å klage på at barnets stemme ikkje blei høyrd i saka.
Dei vaksne skal vurdere kva som er barnets beste
Vaksne må vurdere ulike sider ved alle saker, og sjå heile bildet. Når dei har lytta til meininga di, må dei bestemme kva som er barnets beste i kvar enkelt sak.
Det er likevel ikkje alltid at det blir slik som du vil.
For: Det kan vere komplisert for vaksne å bestemme kva som er best for barn – ofte må dei ta omsyn til mange behov på ein gong. Det kan vere at andre sider av saka gjer at dei vaksne fell ned på ei avgjerd som ikkje er heilt slik du ønska. Likevel: Vaksne må høyre på barn. Dei skal leggje vekt på kva barn seier, og forklare kvifor det dei gjer eller bestemmer er til barns beste.
Statsforvaltaren si oppfordring til deg som er barn eller ungdom er; kjenn rettane dine! Di meining er viktig for at vaksne kan bestemme kva som er best for barna.