Felles løft for betre oppvekst
Fylkesmannen og fylkeskommunen har invitert alle kommunane i Møre og Romsdal til eit felles løft for å sette barn og unge sine oppvekstvilkår på dagsordenen. FNs Barnekonvensjonen står sentralt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommunane fekk i mai tilbod om å delta i ei kartlegging retta mot barn og unge. Føremålet med kartlegginga er å avklare status og utfordringar knytt til barn og unge sine oppvekstvilkår. I tillegg vil det hjelpe kommunane å prioritere aktuelle tiltak for vidare planlegging og utvikling. Sentralt i dette arbeidet står FNs Barnekonvensjon.
Kommunane i Møre og Romsdal så nytteverdien av eit slikt arbeid og 34 kommunar greip sjansen og har levert rapport. Arbeidet har vore grundig og tverrfagleg i alle kommunane som har tatt del. Rapportane frå den einskilde kommune gir både eit lokalt utfordringsbilde og eit godt samla oversyn. Kunnskapen kommunane no har fått kan dei bruke for å utvikle enda betre oppvekstvilkår for barn og unge. Tiltaka skal sikre at krava i FNs Barnekonvensjon blir oppfylt. Fylkesmannen og fylkeskommunen har rapportane frå alle kommunane. Samtidig med kommunane sitt eige arbeid, vil vi i fellesskap sjå kva vi kan bidra med i dette utviklingsarbeidet.