Svak auke i talet på sau drept av rovvilt
Fylkesmannen har handsama søknader om erstatnings for totalt 1207 sau tapt på beite i år. 881 av desse sauene blir erstatta fordi det er dokumentert eller sannsynleggjort at dei er drept av jerv, gaupe eller ulv.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vert utbetalt 1, 99 millionar kroner i erstatning for 881 sauer i Møre og Romsdal i 2016. Dette noko meir enn i 2015, og på nivå med beitesesongen 2014, då det vart erstatta 917 dyr. Ser ein attende på erstatningane siste ti åra, er det 2007 som står att som eit ekstremår med over 2200 erstatta sauer, medan tapa var lågast i 2012 med 579 erstatta sauer.
Erstatninga er ytt på grunnlag av sannsynleggjort eller dokumentert skade. 746 sauer er erstatta på grunn av jerveskade, 118 på grunn av gaupeskade og 17 på grunn av ulveskade. Rauma og Sunndal er dei to kommunane i fylket med flest rovviltskader. Tapa i desse to kommunane utgjer 62 % av det samla utbetalte erstatningsbeløpet for heile fylket. Det er jerven som er den største skadevaldaren i begge kommunane.
Det er svært vanskeleg å finne kadaver på utmarksbeite, så hovuddelen av erstatninga blir ytt på grunn av at Fylkesmannen ser freda rovvilt som den mest sannsynlege årsaka til at tapa er høgare enn det som er rekna som normaltap. Ingen får erstatta tap av sau innafor normaltapet så sant dette tapet ikkje er dokumentert av Statens naturoppsyn (SNO).
Det er fleire beiteområde med store sauetap som har fått dokumentert freda rovvilt som skadevaldar gjennom SNO sine kadaverundersøkingar. Tapa er spesielt godt dokumenterte i kommunane som har hatt store tap til jerv. I år er det ved obduksjon dokumentert at jerv har avliva totalt 65 sauer, gaupe har avliva 5, ulv har avliva 7 og ukjent freda rovvilt har avliva 3.