Framleis ledig tilskott til drenering

Fylkesmannen har framleis over 400 000 kroner i tilskotsmidlar til drenering som ikkje er fordelte på kommunane. Dei kommunane som er første ute og melder frå om auka behov vil få ekstra tildeling. Bønder som har areal som treng drenering bør søkje om tilskott no.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.09.2015

Medrekna tilskotsmidlar som vart overførte frå i fjor har Møre og Romsdal vel 5,4 mill. kr til drenering dette året. Dette vil dekke opp tilskot til drenering av ca 5 400 dekar.

Hittil er det registrert 48 tilsegn - dette er vesentleg færre enn på same tid i fjor. Det er derfor rom for mange fleire søknadar. Søknadane har litt mindre omfang enn tidlegare. Av dei planene som er komne inn, gjeld 21 prosent tiltak på leigejord, 79 prosent på eige areal.

Tilskotssatsane er uendra: Bonden kan få inntil 1000 kr pr. dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Det kan gjevast inntil 15 kr pr. meter for avskjeringsgrøft eller anna grøfting. Areala skal ha vore grøfta tidlegare.

Fylkesmannen ønskjer at tilskotsmidlane vert brukte. Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen for å få nærmare informasjon.