Kulturlandskapsprisen 2015 for Møre og Romsdal

Fylkesmannen vil også i år dele ut kulturlandskapsprisen. Prisen, som er på 10.000 kr og eit kunstverk,  skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkjer seg med miljøvennleg drift. Lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar vert oppmoda om å kome med forslag til kandidatar innan 1. august.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.04.2015

Dei aktuelle kandidatane skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane bidreg dermed til eit opnare landbruk i tillegg til eit ope landskap
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta
  • At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men mottakar(ane)  av prisen må vere ein god ambassadør for bygde-Norge og for landbruket. Det er ein føresetnad at det er aktiv drift, og at miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket er oppfylte. Det bør vere eit kvalitetssystem (KSL) på bruket som fyller minstekrava i plante- og husdyrproduksjonen.

Forslag må innehalde bilde frå bruket og ei kort grunngjeving av kandidaten.

Før 1. august kan du sende forslag til :

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga, postboks 2520,  6404 Molde eller e-post:  fmmrpostmottak@fylkesmannen.no