Hervik fekk riddarkorset

Fylkesmann Lodve Solholm overrekte tysdag riddarkorset til professor Arild Hervik, under ein seremoni på Høgskulen i Molde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.02.2015

Dermed fekk Hervik det synlege beviset på at H.M. Kongen har utnemnt han til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Det er Herviks innsats i samfunnsøkonomisk undervisning og forsking som ligg til grunn for utnemninga.

-Det er ei stor glede og ære å få dele ut denne ordenen til deg, sa Solholm i sin tale til Hervik. Solholm takka Hervik for at han gjennom sin forsking og formidling har bidrege mykje til samfunnsutviklinga.

-Ikkje minst er det ei stor glede og høyre deg, engasjert og med stor innleving formidle dine kunnskapar. Eg trur eg snakkar for mange når eg seier at vi har lytta med stor interesse og hausta ny og nyttig lærdom kvar gong, sa Solholm.

Fleire ordførarar frå Romsdal, mellom dei Torgeir Dahl, fylkesordførar Jon Aasen, leiinga av kollegiet ved høgskulen og forskningsparken, og familie og venner av Arild Hervik var til stades under overrekkinga.

Arild Hervik har sosialøkonomisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo frå 1975. Han vart i 1980 tilsett som førsteamanuensis i transportøkonomi i Molde. I 1995-1997 var Hervik professor i næringsøkonomi ved Handelshøgskulen BI, før han i 1997 vart utnemnt til professor ved Høgskulen i Molde. Hervik er den eksperten i Norge som har deltatt i arbeidet med flest NOU-er.