Coop årets leverandør av økologiske produkt

Coop får tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt.  -Dei får prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.08.2014

Prisen vert delt ut på Den Norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 28. august. 
-Nasjonalt har vi sett oss mål om å auke produksjon og forbruk av økologiske varer til 15 prosent innan 2020.  Dette er eit stort løft, og vi treng tydelege lokomotiv som kan gå fremst i dette arbeidet.  Årets prisvinnar er eit godt eksempel på det, seier Løset vidare.

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. At det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen grungjev juryen slik: 

  • Coop er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
  • Coop har eiga synleg, økologisk merkevare.
  • Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønsaker og ost.
  • Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
  • Coop fortener påskjøning for at dei har så godt utvalg og satsar på økologi.

Prisen skal delast ut 28. august under Den Norske Matfestivalen i Ålesund, på konferansen «Matkultur og reiseliv».   Miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, kjem til Ålesund for å motta prisen.

Prisen for Årets leverandør av økologiske produkt vert i år utdelt for tiande gong.  Det er Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak prisen.