Ta omsyn til slåttekaren!

Nordmenn og turistar elskar å nyte sommar og godvêr ute. Då er det fort å gløyme at det er beitedyr som held landskapet ope, slik at det ikkje gror igjen med kratt og småskog. Fylkesmannen ser med uro på eit aukande konfliktnivå mellom beitande husdyr og brukarar av kulturlandskapet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.07.2014

- Folk har ikkje lenger nær kjennskap til det tradisjonelle beitebruket. Dei kan mislike gjengroing og ønskjer at kulturlandskapet vert halde ope. Samtidig kan mange irritere seg over beitedyr rundt hytteområdet, som faktisk er «slåttekarane» som held landskapet ope, seier landbruksdirektør Anne Berit Løset hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Mange sauebønder er fortvilte over nedbrotne gjerde og grinder som ikkje vert lukka inn i beiteområda. Dei brukar mykje tid på å fange inn igjen dyr som er på vidvanke. Det verste er å finne skadde eller drukna sauer og lam som er blitt jaga av lause hundar. Landbruksdirektøren ønskjer at fleire kan ta omsyn til beitedyra i kulturlandskapet - som å lukke grinda etter at ein har gått gjennom og å halde hunden sin i band.

Eit kulturlandskap skapt av beitande husdyr er eit parkliknande landskap, som ein ikkje klarer å gjenskape med maskinell skjøtsel. Dei siste tiåra har det vore ein enorm auke i bygging av hytter og fritidsbustader i Noreg. Dette gjeld særleg i kyst- og fjellregionane, der ein har dei opne kulturlandskapa som er skapte etter hundrevis av år med landskapspleiande husdyr. Talet på beitande husdyr er no på veg ned, og talet på brukarar av kulturlandskapet er på veg opp. Løset håper dei ulike aktørane i landskapet kan ta omsyn til kvarandre, slik at beitedyra kan fortsetje jobben som slåttekarar for hytteturistar og øyhopparar.

- Kulturlandskapet er eit fellesgode produsert av beitedyra som heile samfunnet dreg nytte av. Goda kan nyttast av alle, dei vert ikkje forbrukte, og dei kostar lite eller ingenting. Attgroing trugar opplevinga, estetikken, utsikta og kor tilgjengeleg og framkommeleg landskapet er. I tillegg til eit ope landskap med utsikt, består det landbruksproduserte kulturlandskapet også av bygningsarv og kulturminne, matvaretryggleik, høgt biologisk mangfald og mykje meir, seier Anne Berit Løset.