Nye fiskeregler i Toåa i Surnadal

Miljødirektoratet vedtok 17.07.2014 nye reglar for fiske etter anadrome laksefisk i Toåa i Surnadal kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.07.2014

Endringane kom etter framlegg frå Todalen elveeigarlag. Bakgrunnen for innskjerping av fiske er sviktande bestandsstorleik. Det lokale forvaltningsorganet i Toåa vil gjenutsette hannlaks i tillegg til dei tiltaka laget sjølv har innført. Miljødirektoratet vil innføre personleg kvote på talet laks frå 18.07. og ut sesongen.

Toåa har ei meget aktiv og god lokal forvaltning. Miljødirektoratet er samd i den alternative reguleringa.

Under relaterte lenkjer  finn du utdypande informasjon frå Miljødirektoratet.

For meir informasjon:

Ola Bruset, formann Todalen Elveeierlag, tlf: 915 95 894
Kjell-Magne Johnsen, rådgiver Miljødirektoratet, tlf: 412 19 875