Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014

Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014 tildelt Storfjordens Venner  av  Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.07.2014

Fredag 11. juli var ein stor merkedag  på Ytste Skotet i Stordal kommune. I strålande sommarver  mottok Storfjordens Venner  Den nasjonale kulturlandskapsprisen  av Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Det er Lanbruks- og matministeren som leier juryen og i år var det 33 kandidatar det stod mellom.  Juryen var samrøystes.  Prisen på 50.000 kr og eit kunstverk av Hans Normann Dahl vart motteken av leiar Kjell Løseth. Under lunsjen på låven var det helsingar og gratulasjonar frå fylkesmannen, fylkeskommunen  og kommunen.  Omlag  40 gjester var med på prisutdelinga, fleire av dei har vore med heilt frå foreininga var skipa. Dette  er første gong Den nasjonale kulturlandskapsprisen går til Møre og Romsdal.

Storfjordens Venner har gjort ein ekstraordinær innsats for å halde vedlike  dei veglause fjord- og fjellgardane i Storfjorden. På den måten har dei formidla kunnskap om levemåte, gardsdrift og byggeskikk. Storfjordens Venner starta med desse arbeida i 1975 og dei  har vore med i nærare 70 restaureringsprosjekt på 20 ulike bruk.  Berre på Ytste Skotet er det 14 bygningar det er teke godt vare på.