Brenn reint til Sankthans

Ikkje legg kva som helst på sankthansbålet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2014

-Det er kun lov å brenne reint trevirke på sankthansbålet , seier fagansvarleg Anne Melbø i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Andre material har med andre ord ikkje noko på bålet å gjere. Det er både ulovleg og kan vere helseskadeleg. Madrassar eller andre møbel kan for eksempel innehalde skumplast som er laga av polyuretan. Når polyuretan brennar, blir det danna røyk som inneheld helseskadelege gassar, og dessutan blåsyre og kolos (karbonmonoksid) som i verste fall kan føre til hjerneskadar, medvitsløyse og død.

Også behandla trevirke skal haldast langt unna bålet. Trevirke som er impregnert (ein ser det ofte ved at trevirket har eit grønt eller brunsort skjær), malt, lakkert eller sett inn med andre stoff, kan gje både skadelege gassar og oske når det brenner.

Men sjølv om bålet berre består  av reint tre – du har ikkje lov å brenne kor du vil. Mange kommunar har lokale forskrifter med forbod mot open ild, og mange stader er det ikkje lov til å brenne sankthansbål eller ein må søkje om løyve på førehand.
-
Ta kontakt med brannvesenet for å avklare kor man skal ha bålet, seier Anne Melbø.

Meir informasjon finn du under relaterte dokument til høgre på sida.