Ulovleg handsaming av avfallsmasser

Fylkesmannen har over lengre tid fått inn meldingar om ulovleg handtering av avfallsmassar. Det kan sjå ut til at problemet gjeld for heile fylket.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.01.2014

Fylkesmannen har i lang tid fått inn signal om at ein del avfallsmasser, som til dømes sand frå sandblåsing (blåsesand), betongrestar, forureina jord og liknande, i mange tilfelle vert dumpa på ulovlege plassar. Det toppa seg  i 2013 med meldingar om fleire alvorlege forhold, der mellom anna også farleg avfall har blitt dumpa ulovleg. Dei mest alvorlege forholda er under politietterforsking.

Sakane har avdekt at det er varierande kunnskap rundt regelverket. Fylkesmannen sender derfor ut eit informassjonsbrev til alle kommunane i fylket for å sette fokus på problemet.  

Avfallsmassar, som forureina jordmassar, gateoppsop, blåsesand, slam frå sandfang, reknast som næringsavfall og skal leverast til lovleg avfallsanlegg. Dersom avfallsmassane er reine, kan dei nyttast opp att. Dette krev eit reelt behov for massane, samstundes må massane vere egna til formålet. Det er ikkje lov å leggje avfallsmassar på så kalla «massetipper». Dette er nærare utgreidd i brevet  til kommunane, (link til høgre på sia).

Aktuelt

Døme på avfallsmassar:

  • Forureina jordmassar
  • Gateoppsop
  • Sand frå sandblåsing (blåsesand)
  • Slam frå tunellvask
  • Slam frå sandfang
  • Slam frå oljeskiljar
  • Slam frå reinseanlegg
  • Betongrestar
  • Asfaltflak
  • Restar frå tankar o.l.