Årets leverandør av økologiske produkter 2013

Norganic AS er kåra til Årets leverandør av økologiske produkt 2013. Landbruksdirektør Anne Berit Løset delte ut prisen på Matfestivalen i Ålesund torsdag kveld.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.08.2013

Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Den Norske Matfestivalen og Bioforsk økologisk og som står bak prisen, som i år delast ut for niande året på rad.  
-Det er ei tydeleg satsing nasjonalt for å auke produksjon og forbruk av økologiske varer i Norge.  Målet er at 15 prosent av matproduksjonen og forbruket skal vere økologisk i 2020. For å nå dette målet er vi heilt avhengige av profesjonelle sals og distribusjonsapparat i heile landet. seier landbruksdirektør Anne Berit Løset hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Løset peikar på at prisvinnaren leverer økologiske produkt av høg kvalitet til bakarar, butikkar, storhushaldning og industri. 
-Mellom anna leverer dei til dei fleste økologiske bakarane i landet. Dei leverer også råvarer til økologisk kraftfòr – noko som i andre enden gir for eksempel økologisk egg og kjøt i butikkane.  På kort tid er dei blitt ein svært viktig aktør for distribusjon av norskproduserte økologiske varer, seier Løset.

I tillegg til Løset har juryen bestått av Merethe Fjeld Nystad frå Debio, Anita Land frå Bioforsk Økologisk, Gunnar Kvamme frå St. Olavs hospital og Kari Tande Hansen frå Oikos.

I tillegg til mykje heider og ære består prisen av litografiet ”Aim”  av Runi Langum

Prisen vart delt ut på ein festmiddag på Rica Parken Hotel i Ålesund torsdag kveld.