Nye statsborgarar

Fylkesmann Lodve Solholm tok imot 115 nye statsborgarar under seremonien i Molde laurdag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.04.2013

Dei nye stasborgarane er busett over heile fylket. Kotchaporn Theangsri og Jareeyanun Supapun Stenseng frå Sande var to som hadde tatt turen til Molde og vart avbilda saman med fylkesmann Lodve Solholm. Saman med statsborgarane var det og invitert 218 gjestar til seremonien.Statsborgarseremonien vart innført som ny markering i Noreg frå 2007. Med statsborgarseremonien vil den norske stat ønskje dei nye borgarane velkommen og markere at nye medlemmer tas opp i det norske fellesskapet.
Dei nye statsborgarane i Møre og Romsdal kjem frå 40 forskjellige land og er busett i 29 kommunar i fylket.
Arrangementet gjekk føre seg i Bjørnsonsalen på Rica Seilet Hotel. Fylkesmann Lodve Solholm held sin sin tale til dei nye statsborgarane. Andre talarar var mellom anna forfattar Edvard Hoem og stortingsrepresentant Torgeir Dahl.