Forvaltingsplanar for 8 naturreservat på Smøla
Fylkesmannen har i samarbeid med Smøla kommune utarbeidd forvaltingsplanar for naturreservata Aunvågen, Fløtjønna, Hopavassdraget, Kyrhaugvatna, Midt-Smøla, Remman, Sjøvågen og Sortna.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forvaltingsplanane fastset mål for verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast, og til slutt prioriterer ein tiltak som skjøtsel, restaurering, overvaking og informasjon.
«Forvaltingsplanane vil vere viktige i den daglege forvaltinga av naturreservata, og gjev eit godt grunnlag for å prioritere tiltak for å ta vare på dei store verneverdiane på Smøla» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.
Etter at verneplanen vart vedteken i 2009, har Smøla vorte den kommunen i fylket der det vert brukt mest ressursar på skjøtsel av denne typen verneområde.
Fylkesmannen vil no sluttføre framlegget til forvaltingsplan for landskapsvernområda Haverøya og Sør-Smøla før det vert lagt ut på høyring.