Minstebeløp heva til 2,5 mill. kr

Minstebeløpet for priskontroll for sal av konsesjonspliktige eigedommar er heva frå kr 1 500 000 til kr 2 500 000.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.12.2012

Den nye føresegna gjeld for alle innkomne saker til kommunane der det ikkje er gjort vedtak per 21.11.2012. Endringa gjeld også for alle klagesaker som ikkje er endeleg avgjort innan same dato.Det er sendt ut eit nytt Rundskriv M-2/2012. Meir informasjon på Landbruks- og matdepartementet sine heimesider.