Samarbeid om Vestlandsk vidsyn for andre gong

Den andre konferansen om nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet vert arrangert i Nordfjordeid 24-25. oktober. Tema denne gongen er koplinga mellom mobilisering og planarbeid.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.09.2012

Bak konferansen står Distriktssenteret, Innovasjon Norge og fylkesmennene og fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Konferansen vart arrangert på Voss for første gong i fjor og neste år er det Møre og Romsdal sin tur til å vere vertskap.

Programmet er no klart og femner om mange ulike tema, blant anna:

  • Mobiliseringsarbeid
  • Presentasjon av praktiske prosjekt
  • Verdiar og ressursar i landskap og lokalsamfunn
  • Tilflyttings- og inkluderingsarbeid

Målgruppa for konferansen er politikarar, prosjektleiarar, initiativtakarar, rådgjevarar, næringsdrivande og andre som arbeider med eller for frivillig arbeid, mobilisering og lokal samfunnsutvikling. Konferansen er lagt til Operahuset Nordfjord.

Programmet finn du på konferansen si heimeside.