Statsetatsmøte 11. april 2019

Dato:
11. april 2019 08:00 - 15:45
Sted:
Thon hotel Kristiansund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Leiarar i regional stat

Invitasjon til statsetatsmøte.

Publisert 22.02.2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal innkallar med dette leiarar i regional stat til felles møte

Tid: 11. april 2019

Stad: Thon hotel Kristiansund

Hovudtema: Endring og omstilling i regional stat.

I år ønsker programgruppa å ha eit hovudfokus på endring og omstilling i regional stat, med undertema:

  1. Regionreform
  2. Leve heile livet
  3. Det grøne skiftet

For å samordne vår eigen aktivitet, vil vi innkalle til det årlege møtet i Fylkesberedskapsrådet dagen før, same stad. Fylkesberedskapsrådet vil få eigen innkalling til møtet.

Økonomi: Dagsamlinga er gratis. 

  • Om du har behov for rom/frokost 10.-11. april, må du betale den sjølv direkte til hotellet, kr 966,-
  • Du kan også melde deg på middag om kvelden 10. april kl 19.30.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 20. mars 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
11. april 2019 08:00 - 15:45
Sted:
Thon hotel Kristiansund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Leiarar i regional stat