Nettverk for berekraftige bygg 28. februar 2018
- Dato:
- 28. februar 2018 10:00 - 15:00
- Sted:
- Quality hotel Waterfront, Ålesund
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Sjå spesifisering lenger ned
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til nettverk for berekraftige bygg si 3. samling - Miljøambisjoner og politisk forankring.
Tid: 28. februar 2018
Stad: Quality hotel Waterfront, Ålesund
Målgruppe: Alle som er involverte i planlegging og bygging av offentlege bygg i Møre og Romsdal, til dømes leiare for utbyggingsavdelinga/ eigedom /kommunalteknikk, rådmenn og politikarar, andre administrative representantar som er involvert i vedtaks-, innkjøps- og investeringsprosessar i kommunane.
Føremål: Klima- og energiplanen for Møre og Romsdal har mål om å redusere klimagassutslepp med minimum 10 % innan 2020 basert på nivået i 2009. Eit av tiltaka for å nå målet er å auke bruken av tre som byggemateriale. Offentlege innkjøp er eit viktig verktøy for å nå dei nasjonale klimamåla, det kan gjerast gjennom innovative offentlege anskaffingar og leverandørutvekling.
På samlinga skal vi sjå på verdas først plusshussykehjem, miljøambisjonar og politisk forankring, samt anbodsformar tilpassa mindre kommunar.
Mål: Bidra til at fleire offentlege byggherrar bygger berekraftig ved å styrke kompetansen om tre som byggemateriale og innovative anskaffingar, samt etablera nettverk for kunnskapsdeling og felles kunnskapsbygging for å redusera klimagassutslepp frå offentlege bygg.
Økonomi: Deltagelse er gratis, men reisen betaler dere selv.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 28. januar 2018. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.
- Dato:
- 28. februar 2018 10:00 - 15:00
- Sted:
- Quality hotel Waterfront, Ålesund
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Sjå spesifisering lenger ned