Fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar 31.mai-01.juni 2017
- Dato:
- 31. mai 2017 - 1. juni 2017
- Sted:
- Sagafjord Hotell, Sæbø i Ørsta
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Justis og beredskap.avd
- Målgruppe:
- Kommunale beredskapsmedarbeidarar
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til årleg fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar.
Tid: 31.mai - 01.juni 2017
Stad: Sagafjord Hotel på Sæbø i Ørsta kommune
Vi har lagt opp til erfaringsdeling og relativt romsleg med tid slik at det er plass til å ta inn eit tema eller to til, andre dagen - dersom nokon har gode forslag eller erfaringar ein vil dele. Uansett kan vi garantere eit par dagar med passeleg mengder fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging - i flotte, sunnmørske omgjevnader.
Økonomi: Fylkesmannen dekkjer ein del av kostandane, men det blir også fakturert ein eigendel på inntil kr 2.000 i etterkant av samlinga. Denne kan bli lågare, men neppe mykje under kr 1.500.
Av plassomsyn kan vi garantere sengeplass til ein deltakar frå kvar kommune. Hotellet har 40 rom. Fleire deltakarar er velkomne så langt det er plass. Førstemann til mølla.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 10.mai 2017.
Påmeldingsskjema finn du lenger ned på sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 99.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.
Programmet vil bli lagt ut her på denne sida på eit seinare tidspunkt.
- Dato:
- 31. mai 2017 - 1. juni 2017
- Sted:
- Sagafjord Hotell, Sæbø i Ørsta
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Justis og beredskap.avd
- Målgruppe:
- Kommunale beredskapsmedarbeidarar
Dokumenter
- Velkommen til fagsamling - Stine Sætre
- Nytt og nyttig - Stine Sætre
- Orientering frå Politiet - John Kåre Flo
- Totalforsvaret - Jon Erik Eik
- Kvikkleireskred i Sørum kommune - Ketil Matvik Foldal
- Ei økt om CIM - Atle Morsund
- Evaluering avv varslingsøving satelittelefon - Atle Morsund
- FylkesROS - Renate Frøyen
- Nettverk for psykososiale kreiseteam - Ingrid Olavsdotter Nesland
- Atomberedskap - Renate Frøyen