Melding om oppstart av verneplanprosess for skogvern i Stordal kommune
- Høringsfrist:
- 25. april 2019
Fylkesmannen melder med dette oppstart av verneplanprosess for eit nytt naturreservat ved Yste Skotet på 1680 dekar skog. Planprosessen er i samsvar med reglane etter naturmangfaldlova § 42.
Publisert 26.03.2019
Området ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Merknader til oppstartsmeldinga må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 25.04.2019.
- Høringsfrist:
- 25. april 2019