Høyring av framlegg om skogvern i Stranda kommune
- Høringsfrist:
- 10. januar 2020
Fylkesmannen melder med dette lokal og sentral høyring av vern for eit nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Arbeidet gjeld eit område ved Liabygda på ca. 144 dekar skog.
Publisert 11.11.2019
Området ligg på privat grunn og er med i ordninga friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Høyringsfråsegn sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde ,eller elektronisk på fmmrpost@fylkesmannen.no.
Frist for høyringa er 10.01.2020.
- Høringsfrist:
- 10. januar 2020
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Følgebrev om verneframlegg i Liabgda, Stranda kommune, Møre og Romsdal.pdf
- Høyring om skogvern i Liabygda, Stranda kommune, Møre og Romsdal.pdf
- Innspel på oppstartsmelding til verneplanprosess, Liabygda i Stranda kommune, Møre og Romsdal.pdf
- Kart over foreslått verneområde, Liabygda i Stranda kommune, Møre og Romsdal.pdf