Uttak frå kapitalkonto før sommarferien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har inntil tre veker sakshandsamingstid på søknader om uttak av pengar frå kapitalkonto som vert forvalte av oss.

Sist endra 05.06.2024

I samband med sommarferien vil vi ha redusert bemanning i perioda frå 15. juli til 15. august. Det er difor viktig at søknader om uttak av pengar vert sendt inn i god tid før dette, slik at du skal vere sikker på å få pengar overført før ferien.

For å korte ned sakshandsamingstida, bør du som verje søke digitalt via Altinn, gjennom www.vergemal.no under «skjema». Hugs også på at verjehavar (over 12 år) skal samtykke til uttak frå kapitalkonto. Eit skriftleg samtykke kan skrivast ned på eige ark, lastas opp på datamaskina, og leggast ved søknaden. I dei tilfelle der det ikkje er mogeleg for verjehavar å gje eit samtykke til uttaket, må du skrive årsaka til dette i søknaden. 

Kontaktpersonar