Verjemål

Oppdatert 10.06.2024

Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje. Det er statsforvaltaren som utnemner og følgjer opp verjene, og det er Sivilrettsforvaltninga som er sentral verjemålsmyndigheit.

All informasjon om verjemål er samla på portalen vergemal.no. 

Statsforvaltaren i fylket der du bur, har informasjon om telefontider, lokale kurs og rekruttering av nye verjer. Det er også statsforvaltaren som kan svare dersom du har spørsmål om ei konkret sak.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

Du kan søkje om å bli verje eller representant for einsleg mindreårig asylsøkjar ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet.

 

Vis meir

Se informasjon på vergemal.no

Vergemål (vergemal.no)

All informasjon om verjemål finn du no på denne sida, som gjeld verjemål over heile landet. 

Kontaktinformasjon til oss som behandlar saker i Møre og Romsdal, finn du i høgre marg på denne sida.  


Sist endra 05.02.2024

Treng du at nokon hjelper deg i kontakt med Nav?

Dersom du ynskjer at nokon du har tillit til får innsyn i dine saker og kan hjelpe deg i kontakten med Nav, er det ikkje sikkert det er naudsynt å få oppnevnt verje av den grunn.


Sist endra 06.02.2024

Ver førebudd – lag framtidsfullmakt!

Har du tenkt over du, plutseleg ein dag, grunna sjukdom eller ulykke, kan trenge at nokon tar hand om både økonomien din og om andre interesser?


Sist endra 05.06.2024

Uttak frå kapitalkonto før sommarferien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har inntil tre veker sakshandsamingstid på søknader om uttak av pengar frå kapitalkonto som vert forvalte av oss.


Legalfullmakt

Nærståande har etter reglane i vergemålslova § 94 rett til å representere et familiemedlem som på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred, ikkje lengre er i stand til å ivareta sine økonomiske interesser.


Film om kva det betyr å ha verje

Er du ny som verje? Ein hurtigguide til å kome i gang med verjeoppdraget

Kontaktinformasjon

Grunna ferieavviklng vil vi i perioda frå 1. juli til 2. august ha redusert kapasitet på verjemålstelefonen.

Telefontid:
Måndag, onsdag og torsdag kl 12:00–13:00.
Tirsdag og fredag stengt.

Telefon:
71 25 85 00

Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon til verjemål via Altinn: Sikker melding (verjemål).

E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Du bør likevel ikkje sende sensitiv informasjon via e-post: sfmrpost@statsforvalteren.no

Postadresse:
Postboks 2520
6404 Molde