Husbanken lyser ut tilskot til bustadtiltak

Søknadsfrist:
1. april 2024
Målgruppe:
Personar som treng støtte for å skaffe seg eigna bustad
Ansvarleg:
Husbanken
Kven kan søke:
Kommunar

Tilskotet skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal også stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon. Søknadsfrist er 1. april 2024.

Publisert 01.03.2024

Målet med tilskotet er å støtte prosjekt som på ulike måtar bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden. Prosjekta skal kunne bidra til at alle kan skaffe seg, og behalde, ein eigna bustad, uansett kor i landet dei bur.

Tilskotet støttar regjeringa sin strategi for den sosiale bustadpolitikken: Alle treng ein trygg heim (2021-2024).

Tilskotet kan gå til

  1. bustadsosiale tiltak
  2. bustadtiltak i distrikta
  3. leigebuarorganisasjonar

Les meir om tilskotsordninga og send inn søknad på Husbanken sine nettsider Tilskot til bustadtiltak - Husbanken

Søknadsfrist:
1. april 2024
Målgruppe:
Personar som treng støtte for å skaffe seg eigna bustad
Ansvarleg:
Husbanken
Kven kan søke:
Kommunar