Klimatilpassing

Klimaet i Noreg er i endring, og ein kan vente at dette vil gje utfordringar som ein må førebu seg på og tilpasse seg til. For Noreg vil klimaendring i hovudsak bety høgre gjennomsnittstemperatur, meir nedbør og ekstremvêr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2014, Sist endra 15.08.2022

Eit klima i endring
For Møre og Romsdal fylke er det venta at gjennomsnittstemperatur og havnivå vil stige fram mot år 2100. Intens nedbør og kraftige stormar vil skje oftare i tida framover. Skredfaren vil auke, og det kan førekomme skred på nye stader. Talet på regnflaumar vil kunne auke, og ein kan forvente flaumar på andre og nye tidspunkt på året.

Som ein integrert del av samfunnstryggleiksarbeidet skal Statsforvaltaren vurdere ulike truslar klimaendringar har mot liv, helse, og materielle verdiar, samt samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur i planar for utbygging. Vidare skal Statsforvaltaren bidra til at ein lokalt og regionalt er førebudd på å handtere klimarelaterte hendingar som flaum, skred, skogbrann, ekstremvêr med meir.

Norsk klimaservicesenter har publisert "Klimaprofil - Møre og Romsdal". Klimaprofilen gjev eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing i fylket.

Klimaendringane vil i Møre og Romsdal særleg føre til behov for tilpassing med tanke på kraftig nedbør og auka problem med overvatn; havnivåstiging og stormflo; endringar i flaumforhold og flaumstorleikar; og skred. 

Klimaprofil Møre og Romsdal, 2017

Figur: Klimaprofil Møre og Romsdal, 2017

Klimatilpassing i arealplanleggina
Kommunane har gjennom sitt ansvar for arealforvalting ei sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing. Konsekvensane av at klimaet endrar seg må inn i all planlegging knytt til arealbruk, bygg, anlegg og infrastruktur. Klimaendring utfordrar arealbruken mellom anna på grunn av stigande hav, auka skred- og flaumfare og problem med overvatn i utbygde områder.

Gjennom arealplanlegging kan kommunane styre utbygging og infrastruktur til område som er mindre sårbare for klimaendringar, eller ein kan gjennomføre tiltak i forkant som gjer området mindre sårbart. Kommunane har eit ansvar for å sikre at viktige samfunnsfunksjonar fungerer og at liv, helse og materielle verdiar ikkje går tapt. Risiko og sårbarheit skal vurderast for å bidra til at det berre byggast i områder som er tilstrekkeleg sikre. Klimaendring, som kan leie til endra fare, risiko eller sårbarheit, vil vere ein naturleg del av ROS-analysen.

Frå 1. januar 2010 fekk kommunane pålegg om heilskapleg ROS. I ein heilskapleg ROS er det naturleg å inkludere vurderingar av potensielle klimarelaterte naturfarar. Analysen vil gje kommunen ein moglegheit til å vurdere om eksisterande utbygging er utsett for naturfare, både med tanke på klimaet i dag og i framtida.

Kombinasjonen av historisk data, kjennskap til lokale forhold og eiga verksemd, samt oversikt over dei nyaste klimaframskrivingane, vil til saman gjere kommunen rusta til å sette i gang gode tiltak for klimatilpassing.

 
Figur: Rettleiar for klimatilpassing, Miljøverndepartementet 2012

Overvasshandtering

Vi må førebu oss på meir intens nedbør og fleire regnflaumar. All arealplanlegging og utbygging bør ha som mål å redusere og forebygge skader og kostnadar søm følger av dette. I tillegg bør overvatn nyttast som ein ressurs. Prosessrettleiaren for overvasshandtering gir oversikt over alle stega i overvasshandtering frå planlegging og konsekvensvurdering til gjennomføring og oppfølging. 

Havnivåstiging
Kyst- og fjordkommunar bør førebu seg på eit høgre havnivå i framtida. Den største havnivåstiginga er forventa å kome på Sør- og Vestlandskysten. Dette kan føre til at stormflo og bølgjer strekker seg lengre inn på land enn kva som er tilfellet i dag. Område som ligg lågt og nær havet vil ligge utsett til i framtida. For utbygging i utsette område må ROS-analysen innehalde vurdering av havnivåstiging og stormflo, og kva konsekvensar det kan gje. TEK17 skal leggjast til grunn for planlegginga, der § 7-2 omhandlar tryggleik mot flaum og stormflo.

DSB sine sider finn ein informasjon om kva krav som vert stilt for å ta omsyn til havnivåstigning i planlegging. Her finn ein også linkar til viktige rettleiarar.

Klimaprosjekt
På Miljødirektoratet sine sider finn ein aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing samla på ein stad. 

Klimaprosjekt Troms har arbeidd med å sjå på korleis klimatilpassing kan integrerast etter plan- og bygningslova. Klimahjelparen er eitt av produkta, som viser korleis kommunen kan bruke plan- og bygningslova for å ta inn omsynet til endra klima i planlegginga. Samfunnstryggleik er utgangspunktet, og dokumenter er avgrensa til å korleis førebygge mot ulike naturfarer.

AREALKLIM (arealplanlegging og beredskap for framtidas klima) er eit prosjekt som har som mål å bidra til reduksjon av naturskadehendingar gjennom betre arealplanlegging.