Rosar beredskapsarbeidet under Ingunn

Vinden vart justert ned til oransje nivå på føremiddagen 31. januar. Foto: varsom.no og Anita Grønland.

– Vår vurdering so langt er at kommunane og andre beredskapsaktørar i fylket var klare til å handtere utfordringane ekstremvêret Ingunn måtte komme med. Det vil vi gi dei ros for, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

Publisert 01.02.2024

Tysdag 30. januar sendte meteorologisk institutt ut raudt varsel for vind i ytre strøk av Møre og Romsdal. Det var venta vind i orkan styrke frå føremiddagen onsdag 31. januar. Indre deler av fylket kunne også vente svært sterk vind.

Samla beredskapen

– Då følgde vi beredskapsrutinane våre i fylket. Vi samla fylkesberedskapsrådet og alle kommunane for å bu oss på vêret som var varsla, fortel Sætre.

Fagpersonar gav prognosar på vêr, og opplyste om fare for skred og straumbrot. Kraftforsyninga var klare med store ekstra mannskap for feilretting ved behov. Vegmyndigheiter var klare til å stenge vegar, ferjesamband og bruer ved behov.

Kommunane med god innsats

– Kommunane var også raskt ute og oppfordra sine innbyggarar til å ta dei grepa som kvar og ein av oss kunne ta: Sikre lause eigendeler ute i hagar og båtar på brygga, seier Sætre.

Innbyggarane vart oppmoda til å halde seg inne, og sørge for at dei hadde det dei trengde dersom det skulle bli straumbrot eller utfall av mobildekning.

– Kommunane gjorde ein svært god innsats. Dei sørga for ekstra bemanning til dømes i heimetenestene. Fleire tilsette var til stades ute på øyene dersom bruer skulle bli stengde, seier Sætre.

Både fylkeskommunen og fleire kommunar stengde skolar og oppmoda innbyggarane til å halde seg heime.

– No i ettertid er det viktig at vi alle evaluerer dei tiltaka som vart sett i verk, og ser kva vi kan lære til eit seinare varsel om ekstremvêr, seier Sætre.

Vart ikkje så ille som venta

Vindvarselet vart utover dagen 31. januar justert ned frå raudt til oransje nivå i Møre og Romsdal.

– Vi er glade for at vi slapp lettare unna enn frykta. Nå sender vi gode tankar nordover i landet, til dei som fekk den kraftige vinden som vi i utgangspunktet budde oss for, seier Sætre.

Fylkesberedskapsrådet og kommunane hadde samvirkemøte både 30. og 31. januar, og vil ha eit oppsummerande møte 1. februar.  

Kontaktpersonar