Øvingar

Øving er ein viktig del av beredskapsarbeidet. For kommunane er det krav om å øve beredskapsorganisasjonen minst annakvar år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2014

Kravet om øving er fastsett i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 7:  "Kommunens beredskapsplan skal øves hvert annet år. Scenarioene for øvelsene bør hentes fra kommunens helhetlige risiko- og sårbarhetsanalyse. Kommunen skal øve sammen med andre kommuner og relevante aktører der valgt scenario og øvingsform gjør dette hensiktsmessig."

Statsforvaltaren skal på si side arrangere og legge til rette for øvingar for kommunane. Sidan 2012 har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangert årlege diskusjonsøvingar der alle kommunane har vore inviterte til å delta. Øvingane har blitt gjennomførte om hausten, og dei har gått under namnet "Øving Fårikål". Oppsummeringsrapportar ligg i høgremargen.

Statsforvaltaren hjelper også til med utarbeiding av scenario til øvingar som kommunane arrangerer sjølve. Dette kan vi sjølvsagt gjere også i 2017. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

Beredskapsaktørane i Rogaland har utarbeidd ei handbok som kan vere nyttig når ein skal planlegge øvingar.