Er du budd for å klare deg sjølv i sju dagar utan straum, vatn og tilgang på butikk?

Denne veka får du ei brosjyre i posten med utfyllande informasjon om dette temaet. 

Publisert 29.10.2024

Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke.

Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.  Derfor er det viktig at flest mogleg kan klare seg sjølv.

Denne veka får alle med postkasse i Noreg ei brosjyre med oppdaterte råd om eigenberedskap.

Ta vare på brosjyra - og lag ditt eige beredskapslager.

Tips frå fylkesberedskapssjefen

Her kan du sjå Møre og Romsdal sin nye fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas sine tips til lageret. Tipsa er laga ut frå brosjyra du får i posten.