Naturkartlegging

Det er eit nasjonalt og internasjonalt mål at det biologiske mangfaldet skal ivaretakast. Dette krev konkret kunnskap om naturmangfaldet.

Publisert 12.11.2012, Sist endra 15.11.2024

Både kommunar og andre har i ei rekkje samanhengar behov for eit oppdatert oversyn over område som har særskilde biologiske verdiar. Særleg viktig er dette i samband med overordna arealplanlegging, men òg innafor meir detaljert planlegging, sektorplanlegging i jord- og skogbruk og elles i den løypande saksbehandlinga, er det behov for data og kunnskap om naturkvalitetar og om naturtilstanden. Dette er data som ikkje minst er sentrale ved arealplanlegging og arealbruk etter Plan- og bygningslova og ved bruk av Naturmangfaldlova.

Resultatet av kartleggingsarbeidet blir vidare lagt til grunn for nasjonale overvakingsprosjekt som følgjer endringar i naturtilstanden. Arbeidet gir kunnskap om utbreiinga av artar og naturtypar som av ulike grunnar er sjeldne og som krevjar særskild merksemd i all samfunnsaktivitet.

Statsforvaltaren har frå 1999 i samarbeid med kommunane hatt ansvaret for mellom anna kartlegging av viktige naturtypar i Møre og Romsdal og formidle informasjonen om naturverdiane. I alle kommunane er det kartlagt og ein er nå i gang med revisjon og supplerande kartlegging.

Sentrale informasjonskjelder som informerar om kartleggingsresultata er ålment tilgjengelege i kartdatabasar som Naturbase og Gislink. Artsdata er samla i Artsdatabanken sine kartdatabasar.

Meir informasjon

Utfyllande informasjon om kartleggingsarbeidet finn du i ei lenke oppe til høgre på sida.


Publisert 30.06.2016

Kartleggingsrapportar

I 1999 starta arbeidet med kartlegging av biologisk viktige naturtypar. Resultatet av kartleggingsarbeidet har stort sett blitt gitt ut i eigne rapportar og data frå desse har så blitt lagt inn i kartdatabasen www.naturbase.no

I tillegg til dei kommunale kartleggingane foregår det ein del kartlegging av mellom anna trua naturtyper og trua artar i fylket. Rapportane på dei ulike kartleggingane blir publisert her.