Ekspropriasjon

Kommunen kan ekspropriere (oreigne) privat eigedom eller rettigheiter for å få gjennomført ein reguleringsplan. Statsforvaltaren er klageinstans for kommunen sitt vedtak om oreigning etter plan- og bygningslova.

Kva er ekspropriasjon?

Ekspropriasjon er i oreigningslova definert som erverv av fast eigedom mv. med tvang mot eit skjønnsmessig fastsett vederlag. Bruksrettigheiter i tilknyting til fast eigedom kan ervervast, avløysast eller liknande på same måte. 

Ekspropriasjon etter plan- og bygningslova 

Heimelen for å ekspropriere for å gjennomføre ein reguleringsplan er gitt i plan- og bygningslova § 16-2. Ekspropriasjon i medhald av reguleringsplan må skje innan 10 år etter at planen er kunngjort.

Før kommunen gjer vedtak om ekspropriasjon skal saka vere best mogleg klarlagt, og dei som blir råka av ekspropriasjonen skal ha hatt høve til å uttale seg i saka. I tillegg bør ein ha gjort forsøk på å kome til ei minneleg ordning før kommunen går vidare med ei ekspropriasjonssak. Reglane i oreigningslova vil, så langt dei passar, gjelde i tillegg til føresegnene i plan- og bygningsloven.

Klage

Kommunen sitt vedtak om å ekspropriere kan påklagast til Statsforvaltaren. Klage skal først sendast til kommunen for førebuande klagesakshandsaming. Normal handsamingstid hos Statsforvaltaren er 12 veker frå vi har motteke saka frå kommunen.

Forhåndstiltredelse

Sjølv om det er gjort vedtak om å ekspropriere, kan det likevel ta tid før ei ekspropriasjonssak er endeleg gjennomført. Det er difor høve til å søke om samtykke til at ekspropriasjonsinngrepet vert sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn (forhåndstiltredelse). Heimelen for dette er gitt i oreigningslova § 25. Mynde til å gi slikt samtykke ligg til Statsforvaltaren når ekspropriasjon skjer med heimel i plan- og bygningsloven.

Før det blir teken avgjerd etter oreigningslova § 25 skal partane ha fått høve til å uttale seg. Samtykke til at ekspropriasjonsinngrepet kan settast i verk vil vere eit enkeltvedtak som kan påklagast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Klage skal sendast til Statsforvaltaren for førebuande klagesaksbehandling.