Sunndal kommune må behandle Trædalsbakken på nytt
Sunndal kommune har ikkje vurdert søknaden godt nok, og må derfor vurdere bruksendring og ombygging av gammelhuset på Trædalsbakken på nytt.
Gammelhuset på Trædalsbakken blei oppført i 1894 av Lort Philips som den første av fem sportsvillaer. Villaen er registrert i SEFRAK-registeret, og tatt med i Sunndal kommune sin kulturminneplan om britisk lakseturisme.
Terje Monsøy søkte kommunen om å bygge om og endre bruken av bygningen til bolig. Kommunen ga delvis avslag på søknaden den 18. juli 2023.
Mangelfull grunngjeving
– Kommunen avslo deler av søknaden, grunna i krav i plan og bygningslova til utforming og visuelle kvalitetar. Kommunen vurderte ikkje tiltaka opp mot desse reglane, eller lova elles. Vi meiner dette skapar tvil om kommunen har gjort dei nødvendige vurderingane av søknaden, seier rådgivar Martine Lange Sætre hos Statsforvaltaren.
Sunndal kommune skriv i saka at det ikkje er søkt om dispensasjon. Monsøy søkte om dispensasjon i mars 2022, noko kommunen avslo i november same år.
– Dei avlo også då utan vurdering. Monsøy klaga også på dette vedtaket, men vi kan ikkje sjå at denne klaga heller er vurdert av kommunen, seier Lange Sætre.
Bør få ny behandling
Statsforvalteren meiner at kommunen burde etterlyst ein dispensasjonssøknad i den nye behandlinga av saka.
– Denne saka har pågått i lang tid, med fleire søknadar. Vi meiner derfor at Monsøy bør få saka behandla på nytt på ein god og forsvarleg måte, seier Lange Sætre.
Også vedtak om pålegg blir oppheva
Kommunen skriv at Monsøy har satt i gang arbeid med bygningen utan løyve, og dei har derfor vedtatt pålegg om retting.
– Sidan byggesaka blir sendt tilbake til kommunen for ei ny behandling, bør kommunen avvente vidare ulovlighetsoppfølging til saka har fått ei forsvarleg behandling, seier Lange Sætre.