Manglande ulovlegheitsoppfølging etter plan- og bygningslova
Sivilombudsmannen har undersøkt om kommunens avgjerd om ikkje å følgje opp ulovlegheitssaker etter plan- og bygningslova reknast som enkeltvedtak. Også Fylkesmannens kompetanse ved klager på kommunens avgjerd blei vurdert.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Spørsmål om klagerett på kommunens avgjerd
Kommunen skal etter plan- og bygningslova § 32-1 følgje opp forhold som er i strid med lova. Kommunen kan avstå å følgje opp forhold av mindre betydning.
Sivilombudsmannen kom til at kommunens avgjerd etter pbl. § 32-1 ikkje er eit enkeltvedtak som det er klagerett på. Plikta til å utføre ulovlegheitsoppfølging rettar seg mot kommunen, og gjev ikkje enkeltpersonar rettigheiter eller pliktar. Konklusjonen har også tydeleg støtte i lovforarbeida.
Fylkesmannens prøving
Ei klage på kommunens avgjerd skal etter dette avvisast. Det er igjen klagerett på avvisingsvedtaket.
Etter Ombudsmannens syn er Fylkesmannens prøving av slike avvisingsvedtak avgrensa til ein kontroll av at saka ikkje gjeld eit enkeltvedtak. Fylkesmannen skal ikkje vurdere om det faktisk ligg føre ei ulovlegheit eller om ulovlegheita er av mindre betydning.
Agjerda finn du ved å følgje lenkja i ingressen.