Gittahuset i Sandshamn kan ikkje rivast
Gittahuset frå rundt år 1850-1875 har historisk verdi og er knytt til fiskeværet i Sandshamn. Statsforvaltaren har konkludert med at vilkåra for å kunne rive bygget ikkje er oppfylte.
Eigarane av Gittahuset driv i dag hotellet Rosenlund Hamn. Dei ynskjer å få rive Gittahuset sidan bygget er prega av manglande vedlikehald over lang tid.
Sande kommune gav løyve til å rive på vilkår om at vesentlege konstruksjonar og bygningsdelar vert teke vare på for gjenbruk i eit mogleg nytt bygg på staden. Som kulturmynde klaga Møre og Romsdal fylkeskommune på denne avgjersla.
Eit regionalt kulturminne
Gittahuset er ein del av eit verneområde som består av tre bygg og områda rundt desse. Området er avsett til bevaring med rivingsforbod i arealplanane som gjeld på staden. Sandshamn kulturmiljø har også status som regionalt verneverdig i «Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi», som døme på eit godt bevart fiskevær. Miljøet er forma av bruk og utvikling i det gamle fiskeværet gjennom lange tider, og er bygd opp av fleire enkeltobjekt, som saman formar ein større heilskap.
– Det overordna målet for vernestatusen er å sikre bygningsmassen som finns innanfor verneområdet, samt areala mellom dei, for framtida. Difor er det fastsett eit rivingsforbod, forklarer seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren.
Mogeleg med restaurering
Dei bygningsfaglege rapportane som er utarbeidd i saka, viser at bygningskroppen kan bli restaurert og bevart. Bygget har slik ei framtid som del av kulturmiljøet.
– Samstundes som vi ser at det er behov for utbetringstiltak i verneområdet som ligg tett inntil det nyrestaurerte hotellet, vurderer vi ulempene ved å gje dispensasjon frå plan som store. Gittahuset er del av eit regionalt kulturminne, der eit rivingstiltak vil innebere skade på heilskapen i bygningsmiljøet. Eit nybygg med gjenbruk av vesentlege bygningsdelar som dekorelement, slik kommunen har sett som vilkår, kan ikkje erstatte originalbygget med si historie, seier Småland.
Statsforvaltaren konkluderer difor med at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylt i dette tilfellet, sidan bygget er omfatta av eit sterkt vern.