Vart ikkje einige om Vollan bustadfelt
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statsforvaltaren står fast ved sine motsegn mot regulering av bustadfeltet etter mekling med Surnadal kommune i dag.
Kommunen vil lage 12 bustadtomter og med det bygge ned 13,5 dekar fulldyrka jord.
NVE og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har innvendingar til planforslaget. NVE har motsegn mot manglande avklaring av tryggleik mot områdeskred av kvikkleire. Statsforvaltaren har motsegn grunna jordvern, nedbygging og oppdeling av ei større dyrka mark.
Meklinga førte ikkje fram
Statsforvaltar Else-May Botten leia meklinga mellom Surnadal kommune, NVE og Statsforvaltaren i dag.
Ordførar Hugo Pedersen viste til at utvikling av Vollan bustadfelt er ei svært viktig sak for Surnadal kommune, som del av ei langsiktig og berekraftig sentrumsnær bustadutvikling. Dei har jobba med planforslaget i lang tid.
NVE og Statsforvaltaren heldt fast på sine innvendingar.
I meklingsmøtet forsøkte dei tre partane å komme til einigheit i saka, men det førte ikkje fram.
Kommunen ønsker ei avklaring av motsegn knytt til jordvern før dei gjennomfører geotekniske undersøkingar i planområdet. Ved eventuell utbygging vil motsegna frå NVE bli tatt til følgje.
Vidare framdrift
Sidan partane ikkje vart einige i møtet, skal kommunestyret i Surnadal behandle saka 26. september. Deretter vil kommunen sende saka over til Statsforvaltaren, som igjen vil sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.