Ny podkast: Leve heile livet
Korleis skapar vi eit aldersvennleg Møre og Romsdal? I denne episoden av "For folk og natur" snakkar vi om reforma "Leve heile livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger. Dei skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det. Vi får høyre om 300-metersbyen i Ulstein og om samtalar med 75-åringar i Molde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Veit du at du kan vere ein spisevenn? Og veit du kvifor det kan bli dyrt å skru av gatelys om vinteren? Har du høyrt om vindaugekonsertar for eldre? Eller om taxisyklar som gjer at eldre kjem seg ut på tur i frisk luft?
I denne podkasten møter vi mange gode eksempel på korleis ein jobbar med kvalitetsreforma "Leve heile livet" i Møre og Romsdal.
Reforma handlar om aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp og gode samanhengar og overgangar i dei kommunale tenestene. Å dele gode ideer til å skape eit aldersvennleg Noreg er ein hovudtanke bak reforma.
Med i podkasten er seniorrådgiver Greta Irene Hanset, statsforvaltar Else-May Norderhus, kommunalsjef for helse og omsorg i Ulstein, Marit Botnen og ergoterapaut Mari Husan. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet. Lars Levende Jacobsen styrer lyden.
Denne episoden vart publisert 7. april.
For deg som ønsker meir informasjon:
- Sjå regjeringa sine sider om Leve hele livet
For folk og natur
Les meir om podkasten «For folk og natur» her …
Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Lytt til podkasten
Aktuelle tema i podkasten
Ute no:
- Barnets beste
- Ta våtmarka tilbake!
- Den fantastiske skogen
- Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!
- Demens - ei stille krise i samfunnet
- Tredrivaren - meir tre i bygg
- Klimatilpassing - Nytt klima gir nye utfordringar
- Hagerømlingar - hjelp til med å fjerne desse plantene
- Jordvern - for å kunne dyrke sin eigen mat
- Leve heile livet i Møre og Romsdal
- Vårt møte med krigen i Ukraina
- Klimasnu – ei nødvendig omstilling
- Ny statsforvaltar og kommunane