Barnets beste
Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn. Høyr podkast om "Barnets beste!"
Statsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen.
Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka.
Les også vår kronikk om temaet: Vaksne skal gjere det som er best for barn! | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Vi snakkar om Barnets beste i denne utgåva av podkasten «For folk og natur».
Med i podkasten er seniorrådgivar Gunn Risan Nakken og statsforvaltar Else-May Botten.
Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.
Denne episoden vart publisert 25.06.2024.
For folk og natur
Les meir om podkasten «For folk og natur» her …
Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Kontaktpersonar
Dokument
Lytt til podkasten
Aktuelle tema i podkasten
Ute no:
- Barnets beste
- Ta våtmarka tilbake!
- Den fantastiske skogen
- Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!
- Demens - ei stille krise i samfunnet
- Tredrivaren - meir tre i bygg
- Klimatilpassing - Nytt klima gir nye utfordringar
- Hagerømlingar - hjelp til med å fjerne desse plantene
- Jordvern - for å kunne dyrke sin eigen mat
- Leve heile livet i Møre og Romsdal
- Vårt møte med krigen i Ukraina
- Klimasnu – ei nødvendig omstilling
- Ny statsforvaltar og kommunane