Tilskot til rettleiing av studentar og tilsette
Helsedirektoratet har lyst ut eit nytt tilskot for rettleiing av studentar og tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Publisert 23.09.2024
God rettleiing er avgjerande for å ta i mot praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette på ein måte som gjer at dei utviklar seg fagleg og trivst.
Formålet med ordninga er å utvikle gode modellar for å bidra til å sikre kvaliteten av rettleiarar til praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Meir informasjon og utlysing finn du på heimesida til Helsedirektoratet.