Høyring - forslag til Giske marine verneområde
Forslag til Giske marine verneområde er på høyring fram til 31. oktober. På informasjonsmøte 17. september kl. 1800 kan du høyre meir om verneforslaget og verknader av vern.
Formålet med vernet er å ta vare på eitt av dei få områda i Sør-Noreg med store grunne areal med stein-, sand- og mudderbotn, og plante- og dyrelivet som lever på og i botnen.
Vernet vil gi forbod mot større tiltak, og avhengig av alternativ vil rundt halve området få forbod mot taretråling. Fiske vil ikkje få endringar. Vernet omfattar ikkje privat grunn innanfor marbakken/to meters djup, med unntak ved eksisterande verneområde.
Høyringsdokumenta består av høyringsbrev, verneplanomtale, forslag til verneforskrift, vernekart (to alternativ) og merknadshefte med innkomne innspel ved oppstart. Alle dokumenta finn du på høgre side.
Frist for merknader er 31. oktober 2024. Send e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no, ev. brev til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.
Vi inviterer til ope informasjonsmøte på Giske rådhus 17. september kl. 1800. På møtet vil Statsforvaltaren orientere om verneforslaget og kva verknader det vil ha, og svare på spørsmål frå alle som er interessert.
Etter høyring vil Statsforvaltaren summere opp innkomne merknader og gjere eventuelle endringar i verneforslaget før vi sender vår tilråding til Miljødirektoratet. Saksgangen for vern etter naturmangfaldlova er gjort nærare greie for i verneplanomtalen.
Kontaktpersonar
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75 -
Linda Aaram
Tlf: 71 25 84 23 / 97 50 31 85
Dokument
- 0_Høyringsbrev_Giske_mvo_august_2024.pdf
- 1_Verneplanomtale_Giske_mvo_August_2024.pdf
- 2_Utkast_verneforskrift_Giske_mvo_august_2024.pdf
- 3_Utkast_vernekart_alternativ_1_Giske_mvo_august2024.pdf
- 4_Utkast_vernekart_alternativ_2_Giske_mvo_august_2024.pdf
- 5_Merknadshefte_Giske_mvo_etter_oppstart.pdf
- 6_Grunneigarliste_manuell_utsending.pdf
- 7_Lokale_organisasjonar_manuell_utsending.pdf