Arbeid med marint vern - Giske

Eitt sjøområde i Giske skal vurderast som eit marint verneområde. Planområdet ligg i sin heilheit i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke, og er omlag 68 km2 stort. Området omfattar sjøområdet mellom Giske, Valderøy og vestsida av Vigra. Giskerevet og områda vest og aust for dette er med.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.06.2019

Giske eitt av 36 kandidatområde som skal utgreiast som marint verneområde med utgangspunkt i tilråding frå Rådgivande utval for marint vern. Arbeidet med marint vern er forankra gjennom naturmangfaldmeldinga stortingsmelding 14 «Natur for livet» (2015-2016). Naturmangfaldmeldinga slår fast at «eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar».

Figur 1. Den ytre avgrensinga av utredningsområdet for marint vern av Giske.

 

Bilete 1. Stortare (foto: Magnus Tornes).

 

Bilete 2. Flyfoto over Giske med deler av Giskerevet. Foto tatt mot øst. Valderøya og Vigra i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

Bilete 3. Flyfoto over Blindheimsvik tatt mot sørvest. Giske i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

 

Bilete 4. Flyfoto over Synnesvågen tatt mot nordøst (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar