Kartlegging av fuktskog i 2024

Fuktskog ved Aura i Eikesdalen, Molde kommune (foto: Hege Steigedal)

Skog i våtmark og andre fuktige område er blant dei mest truga skogtypane i Noreg, og det er viktig å få kartlagt dei restane som finst igjen. To område vil bli undersøkte i Møre og Romsdal fylke i sommar.

Publisert 24.06.2024

Målet med kartlegginga er å bidra til meir informasjon om naturverdiane i fuktskog, og gje eit betre grunnlag for forvaltinga av det biologiske mangfaldet i desse skogtypane. I denne omgang vil et område langs Storelva på grensa mellom Gjemnes og Molde, samt øvre delar av Innfjordelva i Rauma bli kartlagt. Grunneigarane vil bli orienterte i brev.

Flaumskogsmarka er skogområde som er sterkt påverka av flaumvatn. Vatnet har med seg næringsrikt finmateriale frå erosjon. I tillegg har denne naturtypen vanlegvis høg grunnvatn stand og kan også bli påverka av sigevatn eller kjeldevatn. Flaumskogsmiljøa er ofte svært dynamiske, med stadig skiftande flaumlaup og sedimentbankar. Skogen er stadvis gammal med forynging i dei mest flaumutsette områda. Dette fører til eit tilsynelatande virvar av velta trestammar, daude tre og vassfylte flaumkanalar, og med dette kjem eit yrande liv av mosar, lav, sopp, insekt og fuglar.

Slike skogsystem har ein sentral økosystemfunksjon og er vurdert som sårbar (VU) på Norsk raudliste for naturtypar (2018). Utbygging av vasskraft, flaumforbygging, drenering, oppdyrking, utfylling og nedbygging er dei viktigaste påverknadene. I år blir det ein ny runde med kartlegging av 37 lokalitetar over heile landet der to av desse ligg i Møre og Romsdal fylke.

Kontaktpersonar