Vedtak om løyve etter forureiningslova til mottak, kompostering og lagring av biologisk avfall i Molde kommune - Børge Rød

Statsforvaltaren gjev løyve etter forureiningslova til mottak, kompostering og lagring av biologisk avfall ved Nerås i Eresfjord, gnr. 276 bnr.1 , i Molde kommune.

Publisert 22.06.2023

Anlegget skal årleg ta i mot inntil 3 000 tonn biologisk avfall. Avfallet skal nyttast som gjødsel på jordbruksareal. 

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar vert send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter denne kunngjeringa sin dato.

Kontaktpersonar