Klimasnuprisen til innovativ samkøyring
– Nimmo gjer at vi kan dele transport og bilar, redusere klimagassutslepp og inkludere alle sosiale lag. Derfor får Nimmo årets Klimasnupris, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Nimmo er ei programvare som organiserer delt bestillingstransport og samkøyring. Programvara gjer det enklare for folk å reise i lag, og ikkje i kvar sin bil.
– Dette er innovativt og berekraftig. Eit konsept som vi trur både har ei god framtid, og som også kan gi ei god framtid for både folk og natur, seier Botten.
Positivt klimaarbeid
Klimasnuprisen går til nokon som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal det siste året. Les meir om prisen: Klimasnuprisen | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Statsforvaltar Botten har leia juryen, som diskuterte seg gjennom fleire nominerte, og til slutt landa på at Nimmo skulle få årets pris. Eit hovudpoeng for juryen var at deling av bilar kan føre til at færre kjøper bil.
Delt transport – smart transport
– I dag står norske bilar stille 98 prosent av tida. Det er eit stort behov for meir delingsøkonomi. Samkøyring er ein del av løysninga og kan på sikt redusere ein unødvendig stor bilproduksjon. Vi håper Nimmo vil bidra til ein mykje smartare bruk av bilane vi har, seier Botten.
Nimmo blei starta i 2022 av gründerane, Vebjørn Heggdal og Eirik Sandøy Aa. Dei erfarte at køyring av barn til og frå aktivitetar tar veldig mykje tid, og i all hovudsak blir gjort med privatbilar.
Gjer kvardagen enklare
Programvara har blitt prøvd ut i Molde, Ålesund og Trondheim. Her har det vore transport til aktivitetar for barn og unge, slik at foreldre kan la bilen stå og fleire barn kan delta. Alle barn blir plukka opp og satt av på riktig sted til riktig tid. Foreldra får varsel om at deira barn har gått av og på transporten.
– Alle veit at vaner er vanskeleg å endre, med mindre det er snakk om enkle og gode løysingar. Nimmo har laga ein app som enkelt reduserer kvardagsstresset, seier statsforvaltaren.
Vidareutviklar konseptet for fleire brukargrupper
I år har Nimmo fått 7,8 millionar i støtte frå Innovasjon Norge for å vidareutvikle programvara og appen sin.
Selskapet arbeider nå med å tilpasse konseptet til fleire brukargrupper, som seniortransport og jobbtransport.
– Nimmo si løysing kan redusere klimagassutslepp og gi mindre kø. Appen eignar seg like godt på små steder som på store, og kan bli ei god løysing på stader som ikkje har grunnlag for god dekning med kollektivtransport. Nimmo gir slik eit meir berekraftig og inkluderande samfunn, seier Botten.
Universell løysing
At løysinga er universell og kan nyttas av alle, har verka inn på avgjerda om prisen.
– Løysninga til Nimmo kan bli tilpassa all type transport av menneske i byar og tettstader over heile vera. Vi håper at årets pris inspirerer flest mogleg i fylket til å ta i bruk løysinga – og at vi får meir samkøyring, seier Botten.
Lenkjer
I Juryen
- Else-May Botten, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (leiar)
- Linda Mordal, ungdomspanelet
- Sissel Standal, Framtidslaben
- Elin Ous, NHO
- Anne Thorsrud, KS
- Lisbeth Rød, LO
Juryen si grunngiving
Skal vi nå lågutsleppssamfunnet i framtida, held det ikkje berre å gjere all transport vi har i dag elektrisk. Vi må få ned talet på bilar.
Årets prisvinnar tek eit viktig steg over mot å dele på ressursane, delingsøkonomi.
Ved å nytte teknologi for ei effektiv ruteplanlegging, har dei laga ein app som fremmar samkøyring og reduserer behovet for privatbilar. Løysinga er skalerbar og kan bli tilpassa all type transport av menneske i ein by eller tettstad.
Tiltaket er også med på å forebygge utanforskap og sosial ulikskap.
Nimmo er eit førebilete for berekraftig transport og ein verdig vinnar av Klimasnuprisen.
Vi håper at årets pris inspirerer til å leggje tilrette for meir samkøyring i heile fylket vårt, både med og utan Nimmo-appen.
Nominerte
Dei andre fem nominerte til prisen i år var:
- Nimmo AS
- Undervisningsfjøs på Gjermundnes
- Nye Eide Barneskule
- Campus Kristiansund
- Biogassanlegg på gardsbruket Kvammen