Mange avvik i anlegg for farleg avfall

Bilde av tankar i plast som ligg inne i eit metallskrog. Dei er mekra med ulike klistremerke. Det er også skrive på kva som er oppi og kor mykje.  Dei er lagra innandørs.
Her ser vi farleg avfall som er merka og emballert på ein god måte. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I vår avdekte Statsforvaltaren mange avvik frå regelverket i anlegg som tek imot farleg avfall. No må avfallsbransjen ta tak for å drive lovleg.

Publisert 18.09.2024

Anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall, handterer ofte betydelege mengder avfall med farlege stoff. Desse kan ha eit stort potensial for forureining.

Alle inspiserte anlegg hadde avvik

– I vår har forureiningsmyndigheitene over heile landet gjennomført inspeksjonar ved slike anlegg for å sjå om dei følgjer dei krava som er stilt i forskrifter og i løyve gitt etter forureiningslova, fortel Christian Dahl.

Han er underdirektør i forureiningsseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. I vår kontrollerte Statsforvaltaren sju anlegg i fylket.

– Resultata viser at alle sju anlegga hadde avvik. Dei tilfredsstilte ikkje vilkåra som gjeld for mottak og lagring av farleg avfall, seier han.

Avvikande lagring, kontroll og risikovurdering

Inspeksjonane avdekte at fleire anlegg lagra farleg avfall utan å sikre tilstrekkeleg mot utslepp.

– Dette kan føre til at grunn og vasskjelder kan bli forureina.

Mange anlegg mangla nødvendig kontroll med utslepp av forureinande stoff til vatn.

– Det skal bli tatt prøver av utsleppa med jamne mellomrom, og verksemdene skal ha kunnskap om innhaldet i eigne utslepp.

Mange av anlegga hadde mangelfull internkontroll, særleg miljørisikovurderingar.  

– Risikovurderingane skal være grunnlaget for dei tiltaka verksemdene set i verk for å redusere eigen miljørisiko. Gode rutinar for å ta i mot og å lagre avfall er viktig for å handtere dette på ein forsvarleg måte, seier Dahl.

Avvik på anna avfall

Anlegga som fekk inspeksjon i vår, tek også imot anna avfall enn det som blir rekna som farleg. Slikt avfall blir kalla ordinært avfall og omfattar for eksempel plast, metall, papir/papp, trevirke og restavfall.

– Under inspeksjonane såg vi at dei fleste av dei kontrollerte anlegga hadde avvik også her, fortel Dahl.

For eksempel vart slikt avfall handtert og lagra utandørs.

– Mange av dei ulike typane ordinært avfall skal haldast innandørs. Dette er viktig for avfall som lett kan hamne på avvegar eller der forureinande stoff kan renne av når avfallet kjem i kontakt med vatn. Når avfall blir utsett for nedbør og vind, kan det også redusere moglegheitene for materialgjenvinning.

Inspeksjonen fann også forsøpling i og rundt dei fleste anlegga.

– Verksemdene skal halde både anleggsområda og dei næraste tilførselsvegane frie for forsøpling, seier Dahl.

Vil følgje opp og gjere nye inspeksjonar

Han ser alvorleg på at alle dei kontrollerte verksemdene hadde avvik frå sentrale krav i regelverk og løyve.  

– Vi vil følgje nøye med på korleis verksemdene no lukkar avvika. Dei er godt i gang med å rette opp forholda.

Dahl seier dei no vil vurdere å gjennomføre oppfølgande inspeksjonar. Dei vil også prioritere å dra på inspeksjon til andre anlegg som handterer farleg avfall, men som ikkje blei ein del av aksjonen i vår.

– Vi forventar at avfallsbransjen sørgjer for å halde dei krava som gjeld for aktivitetane dei driv med. Det er viktig at dei er særleg nøye når det gjeld farleg avfall og avfall på avvegar, avsluttar Christian Dahl.

Inspeksjonsrapportane frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal finn du i høgre marg.