Miljø og klima

Oppdatert 20.12.2023

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


17.07.2024

Kva gjer eg om eg finn eit skadd eller daudt dyr…?

Når ein er på tur i skog og fjell kan ein komme over husdyr som er skadde eller daude. Kva gjer ein då?


09.07.2024

Framande planter

Framande artar har stor evne til å spreie seg, og utkonkurrere stadeigne artar. Det å få kontroll på spreiinga og nedkjempe artane der det er mogleg er derfor viktig. Og du kan hjelpe til!


08.07.2024

Oppstart vern av skog i Aure

Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med frivillig vern av skog ved Vik/Ervik og Skarvberglia, Aure kommune.


05.07.2024

Søknad om løyve til mottak, mellomlagring og knusing av brukt asfalt og brukt betong ved Fætten industriområde og Gangåsen i Aure kommune

Brødrene Bakk AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å ta imot, mellomlagre og knuse brukt asfalt og brukt betong ved Fætten industriområde og ved Gangåsen i Aure kommune.


05.07.2024

Søknad om løyve etter forureiningslova til mottak, mellomlagring og knusing av brukt asfalt ved Gjermundnes i Vestnes kommune

Gjermundnes Naturmurstein AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å ta imot, mellomlagre og knuse brukt asfalt ved Gjermundnes i Vestnes kommune.


05.07.2024

Søknad om utsleppsløyve ved mudring i Gaulosen i Melhus kommune (settestatsforvaltar)

Statsforvalteren i Trøndelag søkjer om løyve til mudring ved Gaulosen i Melhus kommune. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal handsame søknaden som settestatsforvaltar.


05.07.2024, Endra 09.07.2024

Utsleppsløyve for Kongshaugen reinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune

Sula kommune har 5. juli 2024 fått utsleppsløyve frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for sitt avløpsanlegg, Kongshaugen reinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune.


26.06.2024

Informasjon om gyrobekjemping i Driva i 2024

Etter bekjempinga av Gyrodactylus salaris i Driva i 2023, er ikkje parasitten påvist. Likevel vil det i 2024 bli gjennomført supplerande behandling med klor for å sikre at parasitten er utrydda, spesielt i områda ovanfor fiskesperra. Dette skuldast usikkerheit om parasitten framleis er til stades der.

 


24.06.2024

Kartlegging av fuktskog i 2024

Skog i våtmark og andre fuktige område er blant dei mest truga skogtypane i Noreg, og det er viktig å få kartlagt dei restane som finst igjen. To område vil bli undersøkte i Møre og Romsdal fylke i sommar.


14.06.2024

Oppstart av nytt vern på Runde og Skorpa

Statsforvaltaren startar no opp arbeidet med å oppgradere vernet på Runde, og det vert også planlagt nytt vern på Skorpa i Herøy kommune.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel