Ungskogen må stellast
Ungskogpleie har stor betydning for kvaliteten på skogen i framtida.
Ved stell av ungskogen tek ein vare på investeringane som er gjort ved forynging, for eksempel planting. Produksjonen vert styrt til ønska treslag og tre med best kvalitet. Dette vil kunne redusere driftskostnaden ved hogst. Alder på skogen ved slutthogst vil bli høgare om det ikkje vert utført. Stell av ungskogen påverkar difor økonomien i skogbruket.
Ungskogpleie bør gjennomførast når dei trea ein ønskjer å satse på vert hemma eller skadd av konkurrerande tre. Dette bør gjerast når trea er 1 – 4 meter, gjerne 5 - 20 år etter planting. På gode bonitetar med mykje gjenvekst, kan det vere naudsynt å gjennomføre ungskogpleie to gonger. Det er betre og billegare å gjere dette tidleg, før skogen blir for stor.
I Møre og Romsdal blei det planta mykje i perioden med skogreising fram mot årtusenskiftet. Desse åra blei det utført mykje ungskogpleie. Dei siste ti åra har vi byrja å hauste av skogreisingsskogen, og det fører til auke i planta areal og meir trong til stell av ungskogen. Tal dekar med gjennomført ungskogpleie viser dessverre ikkje same vekst som planta areal. Vi bør difor auke aktiviteten markant i åra framover, og helst få stelt minst like mykje ungskog som årleg planta areal.
Ungskogpleie kan ein gjere sjølv eller med leigd hjelp. Alle kommunar i fylket har høge tilskot til arbeidet, opp mot 70 prosent av kostnaden. Resterande kan dekkjast av skogfond med skattefordel. Desse ordningane gjer at det blir svært liten eigendel å betale.
Stigande tømmerpris gir merkbar hogstauke
Sidan 2020 har det vore jamn stigning i tømmerprisane. I 2020 var det ein snittpris på grantømmer i Møre og Romsdal på 356 kr/m3. Per juli 2024 var snittprisen 605 kr/m3. Det er forventa ytterlegare prisauke på sagtømmer og slip, som kan føre til ein snittpris på godt over 600 kr/m3 på gran for året 2024.
Verdien på levert grantømmer i fyrste halvår 2024 utgjer 104 millionar kroner. På same tid i fjor var det levert grantømmer for knapt 65 millionar kroner, med snittpris på 549 kr/m3.
På enkelte parti som vart hogd og målt inn i juni, i hogstklasse 5 gammal gran, finn vi kring 80 prosent sagtømmer, og snittprisar heilt oppunder 700 kr/m3. Her er ikkje siste prisauke på sagtømmer med. Dette borgar godt for eit fylke med gode tømmerressursar.
Det vert framleis hogd for mykje granskog i god vekst. Dei siste 20 åra før grana er hogstmoden kan verdien doble seg, med auka sagtømmerandel og auka volum av tømmer/dekar. Dette er godt for skogeigar, men i tillegg også bra for klimaet, med auka effekt av lagra CO2.
Samanliknar vi hogstaktiviteten i 1. halvår 2023 med 1. halvår 2024, er det 46 prosent auke i hogsten på gran. Dei føregåande åra har det ikkje vore like tydeleg respons på stigande pris. Hogst av furu er noko redusert, frå same periode i fjor.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06
Faktaboks
Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk 2024. Trykk på denne lenka for å lese Fylkesstatistikken