Låg sjølvforsyning på korn til mjøl

I Møre og Romsdal er vi tilnærma sjølvforsynte på fisk og husdyrprodukt, mens sjølvforsyningsgraden for korn til mjøl berre er på ca. 34 prosent. 

Publisert 12.11.2024

Ein uroleg verdssituasjon og erfaringa frå covid-pandemien har ført til eit auka fokus på beredskap og matforsyning som ein viktig del av totalberedskapen. Medan vi er tilnærma sjølvforsynte på fisk og husdyrprodukt, er sjølvforsyningsgraden på berre ca. 34 prosent for korn til mjøl. Låg sjølvforsyning gjer oss sårbare. Sjølvforsyningsgraden er ein del høgare for korn til fôr.

Korn er vår viktigaste matvare, også på verdsbasis. Korn utgjer 26 prosent av vårt energiinntak på kaloribasis. Korn er viktig som matvare fordi mjøl frå korn er ein viktig ingrediens i mykje av det vi et. Det blir produsert korn i store delar av verda. Korn er veldig enkelt å transportere og lagringsdyktig.

Samanlikna med for tjue år sidan er kornarealet i Møre og Romsdal meir enn halvert, frå om lag 23 000 dekar til om lag 10 000 dekar. Talet på kornprodusentar er redusert til ein firedel (frå 264 til 72). Surnadal, Sunndal og Rauma er våre viktigaste kornområde, med til saman meir enn 75 prosent av kornproduksjonen i fylket.

På landsbasis er talet på kornprodusentar omtrent halvert i same periode, men arealet er redusert med berre 13 prosent. Reduksjonen utgjer ca. 431 000 dekar.

Årsakene til nedgangen i kornproduksjon er mellom anna overgang til grasproduksjon, nedbyggingspress og at fornyinga av maskiner for kornproduksjon er kostbart.

 

 

Kontaktpersonar

Faktaboks

Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk 2024. Trykk på denne lenka for å lese Fylkesstatistikken.