Stor granbarkbille i heile Møre og Romsdal?
Stor granbarkbille blei for første gong registrert i Møre og Romsdal i fjor. Dette var i Surnadal. Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram er det i år gjort funn i ein større del av fylket.
Granbarkbilla er det insektet som gjer mest skade på gran i Noreg og Europa. Under bestemte forhold kan den angripe og drepe heilt friske grantre. Den har eit godt utvikla kjemisk signalsystem og eit etablert samarbeid med blåvedsoppar. Dette gjer billa i stand til å drepe grantrea relativt raskt og nytte dei som ynglemateriale. Billebestanden aukar gjerne etter tørkesomrar, når grana er svekka av tørkestress.
Vert overvaka
NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granbarkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Under overvakinga blir det sett ut barkbillefeller. Med aukande alder på granskogen i vårt område, er det grunn til å tru at billa dukkar opp. Møre og Romsdal var først med i fjor, og det blei fanga biller på indre Nordmøre. I år blei fellene sett opp i ein aust-sørvestleg gradient frå Tingvoll til Sykkylven, i til saman seks kommunar. Fellene blei sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blei nytta som åte. Fellene blei tømt fire gonger gjennom sommaren.
Fangst i 50 prosent av fellene
Det blei fangst i Gjemnes, Molde og Vestnes kommunar. Størst fangst var det i Molde med 176 biller, medan det berre var ei i Vestnes. Dette er låge tal samanlikna med austlandet, der fleire feller hadde rundt 20 000 biller på ei tømming. I Tingvoll, Rauma og Sykkylven blei det ikkje registrert stor granbarkbille.
Ingen registrerte skadar
Vi har ikkje registrert skadar av granbarkbille på vår gran, men funn av billa viser at den kan vere ein potensiell skadegjerar. Granskogen i Møre og Romsdal er ung og frisk, noko som gjer den sterk imot eventuelle skadar. Likevel kan endra klima, som tørke og storm, føre til svekka motstandskraft.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06