Meir midlar til ungskogpleie i 2022

Løyvinga til klimatiltak i skog blei styrka i revidert statsbudsjett for 2022. Saman med ubrukte midlar sikrar dette 20 millionar kroner ekstra til ungskogpleie nasjonalt.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.07.2022

Ungskogpleie er lønsamt for samfunnet og skogeigaren

Med ungskogpleie i skogbruket meiner vi tynning av plantefelt og rydding av krattskog som øydelegg for veksten til skogplantene. Det er fleire grunnar til at ungskogpleie er så viktig at staten løyver tilskotsmidlar til arbeidet.

Gjennom fotosyntesen fangar veksande skog opp store mengder karbondioksid (Co2). Denne gassen fører som kjent til drivhuseffekt og global oppvarming. Ungskogpleie er av dei mest kostnadseffektive klimatiltaka nasjonalt ifølge Klimakur 2030 og ulike stortingsmeldingar. Derfor er det av interesse for heile samfunnet at skogen blir stelt og forvalta på ein god måte

For skogeigaren representerer vekst i skogen forrenting av kapitalen og framtidige inntekter. For skogeigaren vil ungskogpleie auke verdien på eigedommen. Tilskotsordningane er med på å gjere ungskogpleie til ein svært lønsam aktivitet for skogeigaren.

Når, korfor og korleis gjennomføre ungskogpleie

Ungskogpleie gir meir klimasterk skog og flyttar produksjonen over på dei trea som gir auka kvalitetsproduksjon. Ungskogpleie fører til auka tilvekst og auka CO2-opptak. Desse trea gir seinare materialar som vert nytta i bygg. Tre som vert nytta til bygg lagrar dessutan karbon i heile bygget si levetid .

Gjennom ungskogpleie prioriterer ein vekstforholda til dei trea ein ønskjer å ha i framtida og som gir størst verdi for skogeigar. Etter kvart som trea veks, konkurrerer dei om lys, vatn og næring. Ved ungskogpleie vert uønskt tre og vegetasjon fjerna. Gjennom dette skapar vi gode vekstvilkår for trea som står att, noko som gjev optimal vekst og kvalitet på skogen i framtida.

Rett gjennomført ungskogpleie sikrar også betre stabilitet for attståande tre, og minskar dermed faren for vindfall.

Ungskogpleie vert normalt gjennomført 10-15 år etter planting. Då er gjerne dei trea ein ønskjer å satse på frå 1-4 meter. På dei fleste ungskogfelt så kjem det oppslag av fleire lauvtreslag. Oftast mest bjørk, men rogn, osp og selje er vanleg. Desse treslaga veks raskare enn gran og furu dei første vekståra, sjølv om gran og furu litt lenger ute i vekstsyklusen gjev ein betydeleg større produksjon.  Lauvtrea kan gi skade på bartrea ved «pisking», spesielt på toppskuddet. Hemming av vekst og skadar vil gi lengre tid frå planting til hogst, lågare kvalitet og volumproduksjon. Dette kan redusere arealavkastninga med opp mot 50 % i bestand med mykje lauvinnblanding. 

Skogen har fleire føremål, mellom anna å ta vare på biologisk mangfald, og dette må ein ta omsyn til ved gjennomføring av ungskogpleie. Stiar skal også vere rydda for kvist. Det skal stå att minst 10 % med lauvtrær etter ungskogpleie.

Tilskot og skogfond

Kommunane har allereie fastsett retningsliner og tilskotssatsar for ungskogpleie. Dei ekstra tilskotsmidlane skal ikkje nyttast til å auke satsane, men sikre at kommunane ikkje går tomme for midlar. Generelt kan ein seie at det er høge tilskotssatsar for ungskogpleie i vårt fylke. Restkostnaden utover tilskot kan dekkjast med skogfond.

Skogeigarane kan gjere arbeidet sjølv eller leige inn entreprenørar. Kontakt kommune eller næringsaktørane i skogbruket for råd og hjelp til ungskogpleie.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil oppmode til at skogeigarane, kommunane og næringsaktørane aukar innsatsen for å få opp ungskogpleieaktiviteten i 2022. Behovet er stort, og aktiviteten har vore liten i føregåande «koronaår».

Kontaktpersonar