Forvaltningskontrollar i 2015

Fylkesmannen gjennomførte i 2015 kontroll med landbruksforvaltninga i sju kommunar og to interkommunale landbrukskontor. Det vart til saman påvist sju avvik frå regelverk og sakshandsamingsrutinar i kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2016

Fylkesmannen kontrollerte landbruksforvaltninga i kommunane Tingvoll, Gjemnes, Vanylven, Vestnes, Stranda, Haram og Norddal. Det vart ikkje påvist økonomiske avvik i nokon av kommunane, men til saman sju avvik om manglande eller mangelfulle sakshandsamingsrutinar. Fylkesmannen har påpeikt at slike manglar kan auke risikoen for at økonomiske avvik og mislegheiter kan oppstå, utan at det er grunn til å tru at slike forhold ligg føre.

Den kommunale landbruksforvaltninga er førstelinje i forvaltninga av store økonomiske verdiar. I 2015 vart det utbetalt over 624 mill. kr. i produksjonstilskot og avløysartilskot til føretak innan landbruksnæringa i fylket. For å bidra til styrka internkontroll og førebyggje eventuelle feil, har Fylkesmannen derfor som fast oppdrag å gjennomføre forvaltningskontroll med 20 % av kommunane kvart år. Utplukk av ordningar og kommunar byggjer på ei risikobasert vurdering, mellom anna ut frå dei konsekvensane moglege feil kan gje.

Prioriterte skogbruksforvaltninga
Fire av fjorårets kontrollar hadde særleg fokus på skogbruksforvaltninga. Tre av desse kommunane hadde ikkje rutinar som sikra personleg underskrift frå skogeigar, før søknader om utbetaling av tilskot vart godkjende.

I praksis er det ikkje uvanleg at profesjonelle aktørar utfører søknadsprosess og skogbrukstiltak på vegne av private skogeigarar. Etter forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket er det likevel alltid skogeigar som skal vere den formelle søkaren. Formålet med dette er å sikre at det ligg føre eit representasjonsforhold mellom skogeigar og entreprenør, og å førebyggje feilutbetalingar ved eventuelle konflikter mellom partane. Fylkesmannen har derfor understreka at kommunane må halde fast på kravet om skogeigar si underskrift på søknadsskjema.

Ulike rutinar for oppfølging av driveplikt og buplikt
Fylkesmannen kartla også korleis fem kommunar praktiserte oppfølging av driveplikt og buplikt etter jordlova og konsesjonslova.

Etter jordlova er det driveplikt på alt jordbruksareal, med mindre kommunen har gitt fritak. Grunneigarar som ikkje ønskjer å drive sjølv, kan oppfylle kravet ved å leige bort jorda som tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom. Slike leigeavtalar skal vare i minst ti år, og dei skal ikkje kunne seiast opp av utleigaren.

Etter konsesjonslova oppstår det buplikt dersom nære slektningar eller odelsrettshavarar overtek ein landbrukseigedom med bustadhus, så lenge eigedomen har meir enn 25 dekar dyrka jord eller 500 dekar produktiv skog. Kommunen kan også setje vilkår om buplikt ved andre konsesjonspliktige erverv.

Det er kommunane som har primæransvaret for å føre tilsyn med at reglane om driveplikt og buplikt vert haldne. Gjennomgangen hausten 2015 synte at kommunane førte jamleg kontroll med buplikt, medan det var mindre systematisk tilsyn med driveplikt. Fleirtalet av kommunane baserte kontrollen på lokalkunnskap og direkte kontakt med brukarar, medan to kommunar hadde skriftleg rutine for oppfølging av buplikt.

Lovverket føreset at kommunane skal føre tilsyn, men at kommunane sjølv avgjer den praktiske innretninga og omfanget av kontrollen. Fylkesmannen har derfor ikkje grunnlag for å konstatere avvik frå lova, men har i kontrollrapportane tilrådd at det vert utarbeidd lokale rutinar for å gjere kontrollen meir systematisk.

Gjennomgangen synte også at kontroll etter jordlova er ulikt prioritert i kommunane, og at det generelt er særs få saker knytt til området. Av dei fem kontrollerte kommunane var det berre ein som opplyste at dei handheva kravet om tiårige kontraktar for leigejord. Formålet med det lovfesta 10-års kravet er at jordleigarar skal ha tryggleik for å gjere nødvendige investeringar ved drift av arealet. Jordleigeavtalar som gjeld for eit kortare tidsrom enn 10 år, bør derfor handsamast som søknader om delvis fritak frå driveplikta.

Utanom områda ovanfor vart det påvist to avvik knytt til tilskotsordninga for sjukdomsavløysing i landbruket, og eitt avvik knytt til klagehandsaming etter regionalt miljøprogram. Fylkesmannen har dialog med kommunane, som skal sikre rutinar blir endra.